fredag 19. september 2008

Rekruttslutt og Perm i sikte=)

I skrivande stund sit eg på rommet med den nye PCen og pustar letta ut etter ei spesiell og lidd tung veke..
Måndag til Onsdag hadde me ein 3 dagarsøving, med lite søvn og mat, og mykje gåing. Men ikkje berre motgang, på Tysdag var det ein obligatorisk feltgudsteneste, som var kjempe kosleg, mæ vaflar, og japp som ekstra godis;)

Torsdag vart det sluttbildeøving, der eg var Lagfører, litt stress, men mykje moro, og alt i alt, var visst sjanten som følgte kon ganske fornøgd..

I dag, he det vøre gym, vasking og offentleggjering, av kven som ikkje kjem att til Bardufoss så fort permen er ferdig ( 23-30. september =)
'
Så no sit eg letta over å ikkje reise, og gler meg til Vaflar nok ein gong i kapellet på soldatlag.

Som eit appropo så er det mykje å be om for tida.. Mange som he det litt tungt og eg ber eg au når eg har tid. Men vil vertfall sei at meg gjeng det strålande med.

Guds fred.!

lørdag 13. september 2008

Soltun helg!

Tenkte i dag på at lange blogger er litt kiipe å lese, så skø prøve å fatte meg i korthet..

Er på Soltun Soldatheim i hægi og det er konge!! Reiste hit etter soldatlag på fredag, satt å prata litt og blei litt kjent med følk her når eg kom.. la meg ca halv 1, og stod opp 12t seinare.. gruleg digg.. spes sidan sengane her er gode å liggje i..!

Etter frukost reiste me på Racerbanen i nærleiken.. Og for 100kr, fekk eg mykje moro=) Seinare etter god graut og ein prat, og trådløs internett her på Soltun, reiste me til litt over Finnsnes, der eg møtte Solgun og Tarjei på eit møte på leirstaden Skoghus eller no..
Prata litt med presidenten på kyrkjekaffen, og seinare etter ein liten vitnesbyrd del på NLM skulen Nordborg fekk eg sagt hade..
På veg tilbakars prata eg litt med Sigrun på mobil, og sjølv om det bråka litt frå MB'en, var det gruleg kosleg å prate litt på 10mnd dagen kons;)

Den nye PCen heve web cam, så får å kryddre litt ser eg ca slik her ut for tida;) :

søndag 7. september 2008

"Joker'n"

På sama måte som me heime have Pizzafjoset, heve me her uppe "Joker'n." Ganske koseleg lita Pizza restaurant, mæn ikkje i nærheten sama pizzakvalitet som fjoset. Uansett i jår tok eg å Stian turen innom, ganske kos å prate litt, ta mæ pizza tbakars til rommet, og eta..! Digg..
Elles trur eg at eg æ litt følelses lada for tida veit ikkje heilt kvifor men som eit eksempel ( Det er fleire, ) så sat eg å kosa meg med te og bibelen, og las slutten av Apostlenes gjerningar, då eg kom over nokre vers som heilt seriøst fekk meg nesten på gråten.. Ein slik oppleving heve eg ikkje vore burti før under bibel lesing, men det ver i grunn litt godt, vertfall så stend det slik skreve:

Ap.Gjerninger 28. 26-27 (sit: Jes. 6, 9-10)
"Gå og si til dette folket:Dere skal høre og høre, men ikke forstå, se og se, men ikke skjelne.
For dette folks hjerte er blitt sløvt. Tungt hører de med ørene, og øynene har de lukket til, så de ikke skal se med øynene, ikke høre med ørene, ikke forstå med hjertet og ikke vende om så jeg får lege dem."

Ganske triste vers, men håper å kunne utrette noko her uppe. Er kanksje i gang med nokre band planer i kyrkja, samt Krik og Soldatlag aktiviteter. så nok å gjera..!

Frå og med 11. september fær me fri i helger, alkohol fri og uniform fri.. Så mens alle andre skø drikke seg drita, heve eg tenkt å koma meg til Soltun.. Kanskje treffe kjenningar;) og forhåpentligvis dra med meg nokre folk dit, som kan skånast for "ondskapen" her..

I dag er det kveldsgudsteneste, kl1900, og elles he eg ikkje rare greiene på programmet..! Men appropo program så tenker eg litt på høtt eg skø gjera den veka eg er heime.. Er open for forslag..! Det som er sikkert er vertfall Skienstur, med Gitarkasse henting, Kvitsundtur!! Bønnegruppe i Øyfjell kanskje, litt heime og andre besøk kanskje i lag med Stian om det let seg gjera.. Om du vil ha besøk, så er det bare å sei ifrå.. Er heime frå 23-30 september (ikkje lenge igjen..!)

Været er bra, og eg har (takk og lov) ikkje godt så heftig opp i vekt som først antatt.. 2kg får være overkommeleg..

Gud velsigne dikkon..!

søndag 31. august 2008

Sundag 31. August

Dagen starta mæ ein herleg frukost. Det er alt for mykje god mat her, og då eg å stian stakk for å sjekke detta litt nærare, bestemde eg meg for å roe betrakteleg ned på kakaodrikkinga mi, må au slutte å eta meg stappa kvar gong eg kan.. Finne heller ein litt roligare alla Kvitsund, skulke fiskemiddagar innimellom rytme.. Og seriøst, vekta på HaraldsGym viste 5 kg meir enn vekta heime.. urovekkans.. (Stian var ikkje stort betre..)

Gudstenesta va kjempe fin.. To barne dåper og ein god kyrkjekaffe etterpå.. Me sang bl. a. Deg å få skode, noko som alltid er like kos, sjølv om han gjeng litt treigare her, enn på Kvitsund t.d.

Bra Soldatlag på Fredag. ca 25 stk. Kos, og vafler, (et for mykje av det au, gruleg gøtt lissom)

Elles dassar eg når eg kan, ringer Sigrun, ser film, trener og vaskar tøy og rom, samt er i teneste.. ikkje noko store ting å nevne frå veka som gjekk utan om test av CS gass (clor sulfid?) :

2leif tek av gassmaska inni rommet og stotrar fram,
"Løyntnant, Rekrutt Bakken, ... Eg kjenner gassen ja.. fire fingrer, fire fingrer ... dei på rommet heiter: Paul, Thomas, Einar, og Greger (+ e.navn) ".. pluss litt ana, så seier Lt. Hansen, "Ser dere Bakken her, han er flink til å presse seg, bra jobba, gå ut å ta deg litt luft.." CS gass gjer at alt renner, og alt "vått" svir!! hals, auger og nese tetter seg heilt og det vert vanskeleg å prate... men moro å ha prøva ;)

Tida fram ivi..:
Tysdag til Torsdag: "Opperation Black", to netter i felt, og sikkert lite søvn, litt skyte trening, eksamen i nokre greier, pluss masse ana, på Blåtind feltet.. Der det visst alltid er dårleg vær:P

11. september,
Drikkeforbud oppheva,
Uniformsplikt oppheva, og
Oppheva "Nattplikta", kan reise, rundt forbi.. i helger,
dvs, at fredag 12++ vert det ein utruleg mengde følk frå troppen som kjem til å drite seg ut på fleire måtar.. ! gruer meg litt i grunn..

Måndag 22 september.. siste dag før perm,
Perm 23-28 ca..
TREFFER kanskje Sigrun 27 sept... =) Gler meg ein smule til det.. ;)

Sø vett dikkon det.. heve planer om Kvitsund og Skiens besøk neste perm.. skø kanksje få ordna med gitarkassa og ta med den opp.. jiha..

Gud velsigne dikkon alle på denna herlege sundagen.. !

lørdag 23. august 2008

"Ha Ein Heilt Ok Hæg"

Detta va siste melding frå vår løyntnant Hansen i det me nok ei hæg kunne taka heilt fri.. heftig digg..! Onsdag til torsdag, var det Opperation Blue på planen, ganske moro, men tungt.. og litt regn. Var lagfører på turen, og lt. Hansen sov i teltet kons (7 duker) så litt forventnings press.
Har fortsatt savna Sigrun ein del, og var vel værst på Onsdag på veg til basen, der eg verkeleg ønska meg vekk. Men no er alt vel. Må vel nesten kommentere det som skjedde då me kom heim Torsdag og skulle ha litt vedlikehald. Folk var ganske treige. Laget mitt va ganske flinke, men fekk ekstra oppdrag med å vaske B.C. (Bærsj and Carry), då eg hadde fulgt to av folka på gruppa mi bort, til vedlikeholdshallen vaska BCen og kom inn i hallen igjen, stod resten av gruppa og hadde AG-gym. (GYM med våpenet, ganske tungt) fordi nokon var treige.. Skulda falt på meg lissom, og mens eg heiv på meg GRUen (grunn utrustninga) spurde nærmaste befal, mens alle hadde AGen over hodet, ka navnet var, eg svara, og følgene skjedde: han tok eit løft, bak hodet, og opp, mens de 80 andre gjorde det sama i takt etter han, mens han skreik: 1 for Bakken, 2 for Bakken, mens folk som var ganske slitne, trudde heile greia var pga eg va treig, litt spes.. menmen.. Eg vett vertfall ein som fekk seg ein god latter, (STIAN..!!!!) Han gjeng fortsatt rundt og hyler, EIN FOR BAKKEN, TO...!!!

Fredag va ein heilt ok dag. fri på kvelden og stakk på soldatlag i kapellet, var mellom 40 og 50 stk innom den kvelden, ganske sjukt, ikkje så mange på kristleg vaffelslabras før.. litt kult, fekk prata litt med feltprestassistenten Håvard Eide, som ordnar slike kveldar, ganske kosleg kar..!

Laurdag POLARBADET.. reiste i lag med Stian og fleire andre opp i hallen og bada. kjempe digg. Kosta 90 kr men verdt det..! Sklie, boblebad, 25 svømmebasseng, stuping 1 og 3m, varme basseng, barnebasseng, badstu og dampbad, heilt ok.. Tusla innom det gamle huset mitt med Stian, og ver litt treige til mat men gjekk akkurat.

Sit på Velferdan skø sove lenge i natt og vil på høgmesse i morgo.. Kanskje eg fær klimpra litt på gitar etterpå au.. Gud velsigne dikkon..!

søndag 17. august 2008

Letters from Camp Heggelia..!

Enda ein roleg dag var utruleg godt å få.. Bruka dagen på å stå opp, dusja, åt herleg brunsj, så va eg i heggelia kapell, men på veg dit fekk eg ein litt pussig men Guds styrt oppleving.. Då eg kom bort til vakta i enden av leiren, var ikkje vakta der, porten var stengd, og for å passere, måtte eg ringe vakta, noko eg ikkje kunne sidan eg var tom for pæning;) Etter å ha stått der i ei lita stund, litt fortvila, sidan eg allereie var forsinka til Gudstenesta som starta 11, kom det ein kar mot porten frå leieren.. Han ringde, porten vart opna og me tusla litt nedover. Eg skimta så vidt at han hadde eit kors, og eg sa litt tydeleg at eg skulle til kappelet.. Han stakk viare, men etter 10 min kom han og inn i kyrkja, og me fekk prata litt.. så no veit eg vertfall om 3 kristne soldatar.. =)

Om du lurer har eg tenkt meg på Krik kanksje i dag og i morgo.. Og mobilen er lada mæ pæning;) eit stk god dag..!

lørdag 16. august 2008

In The Army..!

Hei er vel på tide å fortelle verden at eg lever..! Er gruleg intresera i post og skø legge inn postadressa mi seinare.. fungerer nesten som på Kvitsund.. Til nå har det meste dreid seg om å kome inn i eit nytt system med nye vaskerutiner, matrutiner (GOD MAT, Kvitsund kan berre gå å leggje seg) men når det er sagt er det opp 6 kvar veke dag, noko som ikkje er like kult. og med ei løn på 140 kroner dagen tek det ikkje heilt av ;) Elles heve eg havna på eit passe stort seks mannsrom, med heilt ok folk.. Dei fleste rundt meg bærer klart preg av at dei ikkje er kristne. det handlar om drikking og den veggen av banning ein møter er nesten litt skummel i forhold til Kvtsund bobla.. Men om ein vil misjonere funker det ikkje å forbli i den vesle drømme bobla som kvitsund feks er.. sjølv om dei fleste ikkje er kristne Møtte eg ein naturleg utruleg koseleg kar. Heradstveit, var imf mann og i lag med eit par andre, inkl Stian Hegna, var me innom Heggelia kappel og deltok på quiz og vaffelspising Fredag kveld. det kan eg leve med.. fekk og tilbod om å halde andakt på Krik på ein eller ana mandag om eg var interesert.. litt kult å få kontakt med kristen miljøet..! Feltpresten verka ganske kosleg..

For dei som er intrressert er eg med i Sambandsbataljonen (mange), Telekompaniet(150?), Regionstropp 1(82stk) og klasse bravo (26). har hatt ein overnatting ute kalt opperation white, eller "operation happy camper" om du vil, var i grunn ganske kosleg.. elles har me og på Mandag hatt nokre styrke testar der eg tok 28 push-ups, 23 sit-ups, 4 hang-ups og 3000m på 12min.. heilt ok.. har btw og fått klær ++ for ca 35000kr.. ganske sjukt..

Det neste målet er å komme gjennom rekrutten fram mot første perm.. skal bli digg..Er motivert gjennom:
1) Å kanskje få beltevogn lappen. og bli lagfører ute i felt..
2) Fortelle folk om Jesus, og delta på Soltun, Krik, Soldatlag.
3) Håpe om å treffe ei viss jente igjen, på ein litt meir permanent basis..

Er forresten litt sjeggløs fortida, men om eg klarer det eg he tenkt å spare nok fram til neste fredag til at løyntnanten er fornøgd, kan eg kanskje behalde skjegget og verte "skjeggleif" att.. men nok om det, skø vera Pizza til middag i dag, og taco neste helg, så eg må tusle snart..

Gla i dere alle..
Stoor klem osv..
Skjeggleif;)